Gerd Danbolt Svalastog

Frå porselensleire
til keramikk
- frå mine hender til dine.


Eg har hatt keramikkverkstad og utsal på garden sidan 1983. Etter å ha prøva ulike leiretyper, brukar eg no porselensleire. Den er finare i strukturen og meir krevjande å arbeide med, men ”bonusen” er stor! Etter glasurbrenning på 1255 grader, får ein gode, brukarvennlege produkt. Å arbeide med porselen frå klump til ferdig produkt er utruleg fasinerande. Porselensleira sintrer på glasurtemperatur, og blir gjenomskineleg, kvit og vakker, både fin og røff på same tid. Godt å halde i hendene!
Eg lager alt frå små skåler og koppar til store fat og krukker, og dekorerer med blant anna kobolt, eller begitter utvendig med ulike fargar, for så å risse inn dekoren. Eg knar også fargestoff inn i leira og bruker det som dekorelement. Av og til legg eg på litt sylv eller gull og kanskje litt glas. Eg arbeider meg óg inn i leira med kvistlakk og avvaskningsteknikk. Det er tidkrevjande, men gjev eit røft og vakkert relieff og framelskar det gjennomskinelege i porselenet. 

I tillegg til bruksting lager eg skulpturelle objekt. Eg har óg laga utsmykkingar til Raulandsbadet og Attførings-senteret i Rauland.

Du kan sjå det eg lager i utsalet heime på garden i Grungedal og på ulike utstillingar, og eg kan garantere at det du kjøper her, er “made in Norway”! 
Lukk